TUR

  • OM
  • KONTAKT
  • NYHETER
  • FACEBOOK
  • BUTIKK

ANTOLOGI

  • 6 MEKSIKANSKE OG 6 NORSKE POETER

SKANDO

  • BERGET & LEE
  • ÅMODT & SÄLL
  • MYKLEBUST & MY JONES
© 2011 - 2025
Theme by WPShower

MYKLEBUST & MY JONES

 

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005, og har sidan gitt ut ei diktsamling, ein roman og ei barnebok. Katinka My Jones (f. 1983) er frå København. Ho debuterte i 2007 med diktsamlinga Havet er sort, kysten er hvid, og diktsamlinga Sølv kom i 2009.

Du skal dele namn med ein sjeldan fugl er andre bok i kollektivtekstserien SKANDO og kjem ut 3o. november. Samlinga er eit djupdykk i ei tapserfaring, ein vekselsong der to røyster bevegar seg mellom det mjuke og det harde i mennesket og naturen omkring det.

 

 

heile livet har munnen din
opna og lukka seg
lukka og opna seg

pusta, togge, sagt ord
kvil no i mold
smak no di jord

du skal rotne og huda skal breste
blomar skal vekse frå brystet ditt
mark gjere molda di svart

la bjørka trengje sine røter
gjennom deg og syge di kraft til si
det sit ei svarttrast i greinene
ho syng

papegøjen plukker sig selv for fjer
og gentager dine ord

felter som tremmer i
insekters synsfelt

koordinaterne på de udstrakte
vinger i din stue

papegøjen knaser skaller med sit næb
måske kender den sit eget usynlige køn

Omslag av Stine Belden Røed
Omslag av Stine Belden Røed